Anna Einemo Frøysland - «Still»

Dansekunstner Anna Einemo Frøysland var i residens hos oss på Turnéteatret i Trøndelag i uke 49. Anna jobber med soloprosjektet «Still» som hun med egne ord beskriver slik:

«Still» er eit soloprosjekt som på ein poetisk og detaljert måte undersøkjer påverknaden mellom rørsler og kjensler. Korleis påverkar spenningsnivå i muskulaturen sinnet? Kva har humøret å seie for korleis ein beveger kroppen? Noko av føremålet med prosjektet er å oppsøke det umiddelbare og det intuitive i dansen og eg jobbar med å skape ei direkte og nær oppleving for sjåaren.

Eg har funne inspirasjon i ekspresjonistisk biletkunst, særleg portretta til Egon Schiele. Dei mulitdimensjonale vridningane og spenninga som er å finne her fascinerar meg. Eg skal freiste å utkrystallisere det som desse stillbileta gjer, i eit dansespråk.

Stykket blei vald ut til å vere med på Koreografilaboratoriet på Dansens hus i Oslo i 2019 og eg jobbar no med å utvikle stykket til ei heilaftens førestilling.

IN AIRAnna Nordanstedt